scHh9SoA

VIKTIG INFO OM NYE RETNINGSLINJER

I går kom regjeringa med nye retningslinjer i forhold til smittevern. Me får framleis halde senteret opent, men det vil igjen bli innført nokre restriksjonar på senteret:

-Det skal oppretthaldast minst ein meter avstand på trening (to meter ved høgintensiv trening). Me vil difor redusere talet på deltakarar på gruppetimar og gjere tiltak for at avstanden kan opprettholdast i styrkerom/cardiorom. Me er og avhenig av at du som medlem tek omnsyn til dei rundt deg på trening.

-Me vil sjølvsagt fortsette med godt reinhald på senteret, men oppmodar alle medlemmar til å bidra med å halde det reint og ha god hygiene på trening. Vask og sprit hender før, undervegs og etter trening, og vask apparat og utstyr etter bruk.

-For å halde garderobane opne, vil det vera påbod om bruk av munnbind når du oppheld deg der. Bruk også munnbind i gangar/korridorar der det er vanskeleg å halde avstand.

-Me ber deg om at du held deg heima om du føler deg sjuk. Det er veldig viktig for oss at alle våre medlemmar følgjer retningslinjene som er satt, og viser omsyn til kvarandre på trening. Hugs å scann kortet ved kvart besøk! Så kryssar me fingrane for at felles dugnad fungerer og at me får fortsette å halde senteret opent.

Mvh Mosjonsgutane