241529950_4645278668838871_1252292894810338191_n

Treng du ei utfordring? Bli med på Tren20 eller Tren30!

15. september 2021

Tek du utfordringa?

Bli med på «Tren20» eller «Tren30» i oktober og november, og vinn fine premiar. Me er glade for å sjå at så mange er i gang med treninga for hausten, og me ynskjer å motivere alle våre medlemmer ytterlegare til å kome inn i gode treningsrutinar og finne treningsgleda.

1.oktober går difor startskotet for «Tren20» og «Tren30» hjå Mosjonsgutane. Treng du eit spark bak, vil du utfordra deg sjølv og/eller ein venn? Her har me satt målet for deg, så no er det berre å koma i gang. Trenar du 20 eller 30 gonger i løpet av oktober og november, er du med i trekninga av fine premiar.

Korleis fungerer det?

1.Du hentar ut eit «Tren20» eller eit «Tren30» kort i resepsjonen hjå Mosjonsgutane. Du kan kun hente ut eit. Me oppmodar om at du vel kort ut i frå kva som er oppnåeleg for deg, og uti frå kor mykje du har trena tidlegare. «Tren20» eller «Tren30» kort kan du henta ut i resepsjonen allereie no.

2. Frå og med 1.oktober får du stempel for kvart besøk du har hjå Mosjonsgutane, fram til 30.november (NB! Du kan kun få eit stempel per dag og kun i bemanna opningstider).

3.Når kortet har 20 eller 30 stempel leverer du det tilbake i resepsjonen hjå Mosjonsgutane (hugs å noter namn og telefonnummer på baksida). 4.Kortet må leverast seinast 6.desember. Vinnarar vert trekt og annonsert same veka. Me vil trekke vinnarar frå både «Tren20» og «Tren30».