IMG_20210324_165433_814

Retningslinjer frå 25.03

Då har me endeleg fått avklart korleis me kan drifta senteret frå torsdag 25.mars til og med måndag 12.april. Alle må vera snill og lesa heile teksten, om det er spørsmål til det de les så ta gjerne kontakt på post@mosjonsgutane.no eller send oss ei melding på mesenger.

Me får inntil vidare halda senteret ope, MEN kun for personar som er busett i Voss Herad. Dei som kjem heim til påske får difor ikkje trene hjå oss i denne perioden.

GRUPPETIMAR
Gruppetimar får gå som normalt, men med 2 meter avstand, noko som kan gjere at det vert mindre plass på timane. Dette vert oppdatert i løpet torsdag. Me har vald å avlyse alle gruppetimar torsdag 25.mars for å sikre at alle salar er rigga skikkeleg. Påmelding til timar etter torsdag som allereie er gjort gjeld framleis, eventuelle endringar vil ein få beskjed om på sms.

Me har veldig lyst til å halde senteret ope i fortsettinga, difor kjem me med ei lite påminning om smittevern som alle må følgje om ein skal trene på senteret.

REGISTRERING
Når resepsjonen er open skal alle registrerer seg før ein startar å trene. Det er veldig viktig i forhold til eventuell smittesporing og at ein til ei kvar tid veit kor mange som er på senteret.
Når resepsjonen er stengt, skal ALLE dra kortet i døra. Sjølv om ein kjem fleire i lag så skal alle registrere kortet i døra. Me har overvakingskamera på døra som vert sjekka jamleg.

AVSTAND
Alle må halda 2 meter avstand når ein er på senteret. Dette gjeld også for dei ein eventuelt er å trenar saman med.

GARDEROBAR
Viss ein ikkje absolutt må nytte garderobane så er det fint om ein unngår det. Hugs at 2 meter avstand også gjeld her

VASK OG SPRIT HENDENE !!!!!

REINGJERING AV UTSTYR – VIKTIG!!

  1. Sprit hendene
  2. Vask av utstyret
  3. Sprit gjerne hendene igjen

Me er veldig glad for at me får halda ope – og håpar at me saman skal få dette til på best mogleg vis!