FB_IMG_1628612745074

Ope hus: Gratis introkurs i sjølvforsvar

OPE HUS: Gratis introkurs i sjølvforsvar for kvinner. Påmeldingsfrist innan 20.08!
I regi av Krav Maga vil me under ope hus tilby gratis introkurs i sjølvforsvar for kvinner. Kurset vil gå over to tysdagar (24.08 & 31.08) frå k.l 20:00-21:00. Tema for kurset er «på vei hjem fra byen», og her vil du få ein gjennomgang i tidslinja frå ein mogleg «angripar» nærmar seg frå avstand til at angriparen tek tak i armane på forskjellige måtar. Det vil bli lagt fokus på ein del løysingar rundt akkurat dette scenarioet. Det er avgrensa plassar til kurset (Maks: 15 stk.) og påmelding må skje via e-post til post@mosjonsgutane.no innan 20.08. Krav Maga vil også halde open trening for alle som ynskjer å teste ut sjølvforsvar. Desse treningane føregår onsdagar kl. 19:00.