Sal 1 er ein gruppetreningssal som også blir leigd ut til ein del klubber. Elles har du mogelegheit til å nytte deg av salen for eigentrening. I sal 1 har me blant anna boksesekk og Airtrack.

Ny gruppetime: Mor & Barn

Ventar du barn eller har du nettopp fått? Då vil mor og barn trening passa for deg.

Sanna startar opp med «Mor og barn» frå måndag 2.november 12:00 – 13:15. Her vil du få trening tilpassa deg og dine behov, der det vil bli tatt omsyn til svangerskap og fødsel som kroppen har vert gjennom. Treninga vil bestå av både kondisjon- og styrketrening utan «hopp og sprett».

«Mor og barn» er satt opp utanfor betjenttider, og det er difor god plass til å ta med seg barnevogn. I tillegg har ein tilgang til sosialavdelinga, om ein ynskjer å trekke seg litt tilbake under og etter økta.

Dersom du er medlem hjå Mosjonsgutane vil treninga inngå i medlemsskapet. Er du ikkje medlem har du anten moglegheit til å kjøpe medlemskap, eller «mor og barn» klippekort (10 klipp) til 750,-.

Me oppmodar deg om å ta med eige liggeunderlag til barnet ditt.

Velkomen!

Mvh Mosjonsgutane