130480208_3845618648804881_7452678270997546075_o

Me opnar for sal av drop-in igjen

Me opnar igjen for sal av drop-in, månadskort og klippekort for tilreisande frå og med måndag 7.desember.

Frå og med måndag 7.desember vert nokre av dei lokale koronatiltaka i Bergen justert. Eit av desse er at dei opnar treningssentera igjen. På bakgrunn av dette opnar me igjen for sal av treningskort til tilreisande. MEN, det er framleis høgare smitte enn ynskjeleg og dei held fram med restriksjonar på mobiliteten i samfunnet.

Minner om at alle må følgje dei nasjonale anbefalingane for smittevern:- Vask hendene- Hald Avstand- Hald deg heima og test deg om du er sjuk- Unngå unødvendige reiser innenlands: må du reise, prøv å unngå kontakt med andre.

Me har alle eit individuelt ansvar for å hindre smitte. Håpar at alle tek dette på alvor. Så ynskjer me sjølvsagt alle velkomne til å kome og trene hjå oss. Det er positivt både for vår mentale og fysiske helse.

Ta vare på kvarandre!