Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn--10

Ledig stilling: Er du vår nye «alt mogleg» mann/dame?

Vår «alt mogleg» mann sluttar hjå oss i Mai, og me er i den anledning på utkikk etter nokon som kan ta over arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåvene består i å utføre service og vedlikehald på øydelagt eller slitt utstyr og inventar hjå Mosjonsgutane  (mekanisk reperasjonsarbeid, maling, utskiftning av lys o.l) og bestilling av deler hos leverandør. Me treng nokon som er praktisk anlagt, løysningsorientert og som er flink å jobba sjølvstendig. Du har gjerne erfaring frå liknande type arbeid. Arbeidet vil vera på tilkalling, og vil difor vera etter behov frå månad til månad. Ved interesse, og for riktig person, er det og moglegheit for resepsjonsarbeid ei helg i månaden.

Oppstart i løpet av sommar/haust 2021.

Høyres dette ut som noko for deg? Då kan du sende søknad og CV til kristine.mosjonsgutane@gmail.com innen 31.05. Aktuelle kanditater vil bli innkalt til intervju fortløpende.