Photo_Jon_Hunnålvatn_Tøn-08471

Korleis få tilgang til bookingsystemet?

Me får inn ein del førespurnader om korleis ein får tilgang til det nye bookingsystemet vårt. Me har difor laga ein guide til korleis du gjer ein fyrstegongs-innlogging og korleis ein booker seg på og av timar, både saltimar og squash.

Fyrstegongs-innlogging

1.Gå inn på vårt bookingsystem via vår heimeside og trykk på fana øvst til høgre kor det står «logg inn».

2.Her skal du fylle inn brukernamn (som er medlemsnummeret ditt) og passord (som er fødselsdato, eks 010291). Om du ikkje hugsar medlemsnummeret ditt, trykker du på kor fana kor det står «glemt brukernavn/passord».

3. Her kan du velje å få tilsendt brukarnamn og passord på mail eller via sms. Vel eit av alternativa, og du vil så få tilgang til nødvendig innloggingsinformasjon.

NB: dersom du ikkje er registrert i vår elektroniske medlemsbase, eller om du har endra telefonnummer eller mail-adresse utan at dette har blitt registrert i vårt system, ta kontakt med oss via mail eller facebook (eventuelt ved opning av senteret), så ordnar me dette for deg.

Booking av gruppetime

  1. Vel «booking».

2. Finn fram den gruppetimen du ynskjer å delta på. For å melde deg på timen trykker du på «+» teiknet ved sida av gruppetimen, og for å melde deg av timen gjer du det på same måte – ved å trykke på «-» – teiknet.

3. Ved å trykke på sjølve saltimen, vil du få opp nødvendig informasjon om timen.

4.Under «mine reserverte timer» kan du sjå kva timar du har meldt deg på.

Booking av Squash

  1. Vel «squash drop-in»

2. I høgre hjørna kan du velje om du vil booke for dag eller kveldstid, samt om du ynskjer å booke bane 1 eller bane 2. (eks: squash2 kveld, vil sei at du booker squashbane 2 på kveldstid).

3. Du kan enkelt finne ledige tidspunkt, ved å trykke på pilene «neste dag»/»forrige dag».

4.Ved booking av tidspunkt trykker du «reserver». Du melder deg av timen på same måte.

Ved spørsmål angåande booking, ta gjerne kontakt via mail: post@mosjonsgutane.no eller via vår facebook-side.