0Zg6MYRg

Informasjon 04.01.21

Godt nyttår til alle våre medlemmar! Då er me tilbake med normale opningstider hjå Mosjonsgutane. Opningstider, saltimeplan, prisar for 2021 og lignande kan du finne her på vår heimeside.

Me ynskjer å opplyse om at me føreløpig ikkje er påvirka av dei nye retningslinjene som regjeringa kom med i går 03.01, og vil komme med informasjon dersom dette skulle endra seg. Me fortsetter drifta som normalt med våre gode smittevernstiltak på plass, og vil igjen oppfordra våre medlemmar til å oppretthalde avstand på senteret, vaske henda grundig og halde deg heime dersom man har symptomar eller blir sjuk.

Velkomen på trening i 2021.