129348445_3840900692610010_6812168916631190986_n (1)

INFO OM NYE TILTAK FRÅ 15.12.21

14. desember 2021

Kjære medlem- her kjem info om nye tiltak.

I går kom regjeringa med nye smittevernstiltak. Me får framleis halde senteret opent, men med nye og fleire restriksjonar:  

  1. Det vil framover kun vera tillat med individuell trening. Det vil dermed sei at alle gruppetimar blir avlyst på ubestemt tid.
  2. Garderobane vil inntil vidare bli haldne opne, men det er krav om bruk av munnbind når du oppheld deg der. Badstu og dusj vert stengt inntil vidare.
  3. Squashhallane vil bli haldne opne men med restriksjonar; Du kan kun spela med personar du bur med eller tilsvarande nære, og det kan kun vera to personer per bane.
  4. Alle som besøker senteret må hugsa å registrera medlemskortet ved ankomst. Dette for å sikre smittesporing.
  5. Du må halde minst 1 meter avstand på trening (2 meter ved høgintensiv trening).
  6. Vask og sprit hender før, undervegs og etter trening, og vask apparat og utstyr etter bruk.
  7. Me ber om at du held deg heima om du føler deg sjuk.

Me kjem med info fortløpande om noko endrar seg, og takker for innsatsen du gjer for at me skal kunne halde senteret opent 😊

Mvh Mosjonsgutane