127823619_3816714148361998_1053731845740530780_n

Er DU klar for årets juletimer?

26. november 2020

Er DU klar for årets juletimer hos Mosjonsgutane? 14., 15. og 16. desember brakar det laus med «Jul i sal», «Jul i slakteriet» og «Jul i spinningsal». Instruktørane våre er klare til å gi deg nokon skikkelige treningsøkter før jul, med som alltid god musikk og god stemning.

Plan:

14.12 kl 17:30-20:30: Jul i spinningsal med Siren Bryn, Liv-Trude B. Amundsen & Randi Norekvål

15.12 kl 17:00-18:15: Jul i slakteriet med Martin Kriz og Nick Gregersen

15.12 kl 18:20-19:35 Jul i slakteriet med Martin Kriz og Nick Gregersen

15.12 kl 17:30-19:30: Jul i sal med Marit Bryn, Ida Kolve Skutle og Tonje Tvilde

16.12 kl 17:30-19:30: Jul i sal med Marit Bryn, Ida Kolve Skutle og Ria Sapak

Viktig info: Grunna Covid-19 vil det vere mindre plassar til årets timar, men til gjengjeld har me satt opp dobbelttimer med «Jul i slakteriet» og «Jul i sal», i tillegg vil spinningsyklane flyttast inn i sal 2 for å ha fleire syklar tilgjengelig. Regler for deltaking: -Dette har vore eit arrangement som har brukt å vere populært, så her er det viktig at du KUN reserverer plass dersom du er sikker på at du kan delta. Det er kun lov å reservere seg til ein av dagane på «jul i sal» og «jul i slakteriet», slik at flest mogeleg får delta.

Me ynskjer våre medlemmer velkommen for litt julestemning her hjå oss!