Slakteriet er ein av våre treningsavdelingar på heile 180 kvadratmeter, kor du kan trene alt frå funksjonell trening, til x-fit, styrketrening og vektløfting. Ein del av våre gruppertimar blir også køyrt her, blant anna HIIT og Slaktaren som er bygd opp på ulike crossfit-element. I slakteriet finn du blant ann frivekter, turnringer, klatrebur, kettlebells, sledge, battleropes, medisinballar, plyoboxer, assautlbike, romaskin og mykje meir!

Viktig informasjon rundt opning

Det går mot opning av Mosjonsgutane den 15.juni, og me gler oss stort til å ta i mot alle medlemmar. Vi opnar dørene kl 11:00.

NB: med elektronisk adgangskort har du tilgang til senteret 24/7.

Her er tiltaka vi har gjort:

-Dusj og badstu vil haldas stengt inntil vidare. Garderobane vil vera tilgjengelege.  

-Buldrevegg vil haldas stengt inntil vidare

-Barnekroken blir holdt stengt.  

-Handbakrom blir holdt stengt

-Me har redusert antallet på gruppetimar for å sikre avstand.

-Nokon gruppetimar blir holdt utandørs.

-Seniortimar er satt til tidspunkt med færre besøk på senteret.

-Senteret er vaska og desinfisert før opning.

-Me har satt ut fleire og godt synlege hygienestasjonar.

-Me vil fortsette med et godt og regelmessig reinhald på senteret.

Me er også avhengig av at du som medlem bidreg;

-Du kan berre trena om du er symptomfri.

-Ver nøye med god handhygiene.

-Hald avstand når du er på senteret (minst 1 meter ved lavintensiv trening, minst 2 meter ved høyintensiv), og unngå all form for kroppskontakt.

-Ein må alltid ha med rein handduk på trening, og ta gjerne med eigen treningsmatte.

-Alle oppfordres til å møte opp i reint treningstøy.

-Ver nøye med å vask alt av treningsutstyr som du benytter (Benker, apparater, manualer, matter o.l)

-Dersom du er i risikogruppa, anbefales det at du kontaktar lege før oppstart.

Kompensasjonsordning

Avtalegiromedlemmar: Det er ikkje blitt gjort trekk for juni, og trekk for juli er fryst. Fyrste betalingstrekk går dermed 20.juli for august.

Medlemmar med årskort o.l får lagt på tapte treningsdagar mot slutten av medlemsskapet.