Yoga

Med Ruth Helene Garmann & Kjersti Urne – Sal 2

Roleg Yoga (Ruth Helene)

Denne timen inneheld solhelsingar og stillingar som «flyt» inn i kvarandre, medan me beveger oss med pusten. I denne timen er det også fokus på avspenningsøvingar og «restorative» stillingar der ein blir i same stilling over tid. Om du ikkje har gjort yoga tidlegare, anbefaler med at du prøver roleg yoga eit par gongar før du prøver deg på treningsyoga. Dette er ein time som passer for alle.

Treningsyoga (Ruth Helene)

Under denne yogatimen er det større fokus på treningseffekten ein kan få av å gjere yoga. Her gjer ein ståande stillingar som fokuserer på å aktivera kjernemuskulaturen, samt at det jobbast med ein del kroppsbevisstheit og balanse. Yogastillingane «flyt» inn i kvarandre, medan me beveger oss med pusten. Timen passer for alle.

Yoga Kundalini (Kjersti)

Yoga Kundalini er ein svært effektiv og heilhetleg yogaform som gir raske resultat og gode verktøy for å fungere optimalt i ein travel kvardag. Kundalini yoga er basert på Yogi Bhaians lære og har eit breidt spekter av kriyaer (sett med yogaøvingar), meditasjonar, pranayama pusteteknikkar og mantraer.