Sveitt og sterk sirkel

Med Inger Lise Midtun – Sal 2

Timen for deg som liker kombinasjonen av styrke og kondisjon i treninga di. Timen er lagt opp etter vanleg sirkeltreningsprinsipp, der ein jobbar med enkle styrkeøvingar. Twisten her er at du mellom kvar styrkeøving alltid har ei kondisjonsøkt. Ein jobbar på tid, noko som gjer at ein lett kan tilpasse nivået etter sin eigen form. Her får du kjenne på høg puls og at musklane brenn. Ein kjekk og variert time som passar for alle!