Squash drop-in

Med Even Blindheim Børve – Squashhall

Hjå Mosjonsgutane har me satt av eit eiget tidspunkt til squash drop-in med instruktør tilgjengeleg. Her kan du møte opp å få instruksjon, tips og triks til korleis ein speler squash, eller korleis ein kan bli ein betre squashspelar. Instruksjon vert tilpassa behov og ynskje. Har du ikkje nokon å spele med gjer det ingenting, her møter du alltid nokon andre å spele med! Men det er sjølvsagt kjekt om du tek med deg fleire. Timen passar for både ungdom og vaksne i alle aldrar og på alle nivå. Det er ikkje påmelding til timen, ein kan kome og gå som ein vil. Det er også gratis utlån av racket til alle under disse timane.