Spinning

Med Siren, Liv-Trude, Guro, Birthe, Tora, Randi – Spinningsal

Spinn 60 (Guro Øvsthus)

60 minuttars intensiv spinningtime med relativt høg intensitet og 2-3 pulstopper, kor det er stor fokus på teknikk. Timen passer for deg som har trent litt før og som ynskjer å betre kondisjonen.

Spinning 60 (Tora Heggem)

Spinn 60 varer i 60 minuttar og er ein intervalltime på sykkel. Denne timen passer godt for dei som har trent litt spinning frå tidlegare, og som er ute etter ei effektiv treningsøkt. Fordi spinning generelt er ein treningsform som er ganske enkel å kome inn i, så kan du også bli med på denne timen sjølv om spinning er nytt for deg. Du følger rytmen på musikken så godt som du kan, og tilpassar motstand sjølv gjennom heile timen. På denne måten tilpassar du også etter ditt eige nivå. Timen startar med oppvarming i ca. 10 minuttar. Deretter er det intervalla på 3, 4 og 5 minuttar i ca. 50 minuttar, med aktive pausar mellom intervalla (1-2 minuttar). Me siktar på å ligge på ca. 80-90% av makspuls under intervallane. Under intervallane bytter ein på å sitte og å stå. Deretter avsluttar ein timen med nedsykling og kort uttøyiing til slutt.

Spinning 50 (Siren Bryn)

Dette er ein spinningtime som startar med ca. 6 minuttars oppvarming. Deretter vekslar ein på å sitte og stå i ca. 3 minuttar frem til fyrste pulstopp. Deretter gjer man eit temposkift kor man igjen vekslar mellom å sitte og å stå fram til andre pulstopp. Mot slutten køyrer ein «motbakke», for å få pressa seg sjølv optimalt. Dette er ein spinningtime som passar for alle, uansett om ein er nybyrjar eller vidarekomne. Timen varer i ca. 50 minuttar.

Spinning 50 (Randi Norekvål)

Spinn 50 passar for alle. Me fylgjer tempoet i songane for å legga opp til bakkar, jogging og intervallar. Det er både sittande og ståande sykling. Eg prøver å ha ein variert time med parti med mykje motstand, og parti der me skal trø raskt og ha mindre motstand. Me syklar effektivt i 50 minuttar og tek kort uttøyning i etterkant. 

Spinning intervall (Liv-Trude Bidne Amundsen)

Denne timen varar i 50 minutter, som då inkluderer oppvarming, intervall på sykkel, nedtrapping og tøying til fengjande og variert musikk. Timen passer for alle uansett nivå.