Sirkeltrening 60

Med Martin Kriz – Slakteriet

Denne sirkeltreningsøkta varer i ca. 60 minuttar, og du møter på ein kombinasjon av øvingar med kroppsvekt, løft, «gymnastikk» og kjernemuskulatur. Vanlegvis er det 8-10 stasjonar som ein skal gjennomføre fire gongar, med korte pausar mellom rundane. Denne treninga er eit godt alternativ for både vidarekomne og nybyrjarar innan trening, då alle øvingane ved hjelp av utgangsposisjon og vekter tilpassast til den enkelte sitt utgangspunkt. Hovudmålet med økta er å bli kjent med øvingar for å trene heile kroppen.