Råsterk

Med Marit Bryn – Sal 2

Råsterk er på mange måtar den ultimate treningsforma fordi den kombinerer styrke-, kondisjon- og smidigheitstrening, men med størst fokus på å auke muskelmassen. Under timen brukar me tunge vekter og køyrer færre repetisjonar. Eit viktig element i treninga er å konkurrera mot seg sjølv på tid, noko som får deg til å yte litt ekstra og som aukar motivasjonen. Me brukar step, vektstenger, strikk, manualar og teppeflis under treninga. Nokon av øvingane som vert nytta under timen er til dømes utfall, knebøy, hopp, armhevingar og burpees, men programmet varierer frå time til time. Ein tøff og intensiv time for dei som er glad i styrketrening. Passar for alle, då ein vel vekter og styrer antall repetisjonar sjølv.