Råsterk Tabata

Marit Bryn – Sal 2

Tabata er ein veldig effektiv treningsform, då den kombinerer både styrke-, kondisjon-, og smidigheitstrening. Under timen nyttar ein både treningsutstyr som manualar, treningsballar og strikk, men også kroppsvekt-øvingar. Det som skil «råsterk tabata» frå ein vanleg «råsterk» time er at ein køyrer så mange repetisjonar ein klarer på 20 sekunder og har pause i mellom på 10 sekunder. Dette gjentar ein 6-8 gangar før ein går over til neste øving. Timen har dermed høg intensitet, men vil passe for alle uansett nivå ettersom ein styrer antall repetisjonar og vektbelastning sjølv.