Byggja og Brenna

Med Jenny Lindell – Slakteriet

Byggja og brenna er ein intens og fullstendig treningsøkt som gir resultat og smittande energi, alt under nøye oppsyn av vår instruktør. Timen startar med oppvarming og gjennomgang av teknikk i 15 minuttar, deretter ei tabataøkt på 35 minuttar. Under økta forflytter du deg mellom 4 stasjonar og ein brukar alltid mølle, romaskin, TRX og kettlebell/manualar. Her får du trent både kardio, styrke og intensitet i ei og same økt. Saltimen er like hard og god, morgon som kveld.