Buldring drop-in

Med Sigurd Jensen – Buldrevegg ‘’bratthengjet’’

Hjå Mosjonsgutane har me satt av eit eiget tidspunkt til buldring drop-in med instruktør tilgjengeleg. Her kan du møte opp å få instruksjon, tips og triks, samt utfordra deg på nye løyper. Instruksjonen vert tilpassa behov og ynskje. Timen passar for både ungdom og vaksne i alle aldrar og på alle nivå. Det er ikkje påmelding til timen, ein kan kome og gå som ein vil. Det er også gratis utlån av buldresko til alle under disse timane.